Hopp til hovedinnhold
Ukens analyse

Konflikt og val i Colombia

Bård Drange, juniorforsker, NUPI

Colombias president Juan Manuel Santos og NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg i Brussel i mai 2018

Foto: NATO, Flickr CC BY

Ukens analyse er skrevet av Bård Drange, juniorforsker ved NUPI. Han skriver om implikasjoner av søndagens presidentvalg i Colombia for konflikten i landet.

Medan noverande president Juan Manuel Santos skreiv under colombiansk medlemsskap i OECD og globalt partnarskap i NATO, vann fredsavtale-kritikar Iván Duque søndagens presidentval i Colombia. Med Duque som president ser fredsprosessen meir sårbar ut. Det aukar risikoen for ny væpna konflikt i Colombia. Samstundes er nettopp fredsprosessen i Colombia ein sentral case på Oslo Forum 2018.

Fredsavtale-kritikar vart ny president

Søndag vann Iván Duque andre omgang i presidentvalet i Colombia. 41-årige Duque har 11 års erfaring frå Den interamerikanske utviklingsbanken i Washington, D.C. før han i 2014 vart senator i Colombia. Sjølv om han er ganske ny i colombiansk politikk, har han komme seg raskt opp og fram. Fyrst og fremst har han fått viktig støtte frå den kanskje mektigaste politikaren i Colombia—Álvaro Uribe, president frå 2002-2010.

Duque, som Uribe, var svært kritisk til fredsprosessen og fredsavtalen med FARC frå 2016. Avtalen, som Noreg var tilretteleggjar for saman med Cuba, var fyrst avvist av eit knapt fleirtal i ei folkerøysting 2. oktober 2016. Likevel, ein omforhandla avtale vart godkjend i den colombianske kongressen i november same år. Avtalen slutta ein meir enn femti år lang konflikt.

Ny væpna konflikt?

Med Duque ser ein auka risiko for at Colombia på ny kan bli kasta ut i valdeleg konflikt. Duque viser ikkje den viljen til å fortsette ein fredsprosess basert på politisk kompromiss som president Juan Manuel Santos viste, og som Santos vann Nobels fredspris for i 2016. Dette kan føre til at endå fleire tidlegare FARC-soldatar, mange som framleis er i reintegrasjons-leirar i Colombia, på nytt tek opp våpen. Det kan også føre til at haltande fredsforhandlingar med ei mindre gerilja-gruppe (ELN) bremser meir opp eller sluttar.

Oslo Forum 2018

Medan fredsprosessen i Colombia møter store utfordringar, møtest høgprofilerte politiske leiarar og fredsmeklarar på Losby Gods utanføre Oslo. Der, på Oslo Forum 2018, ser mellom anna fredsavtalane i Colombia og Mali ut til å vere viktige «caser». Avtalen frå Colombia vert av mange sett på som nyskapande og blant dei beste ein har sett. Det kan vere så, men utfordringane står framleis i kø, og risikoen for tilbakefall har økt med valet av Duque.

Tilbakefall og utfordringar er på ingen måte overraskande — fredsavtalar vert sjeldan godt gjennomført. Ofte varierer politisk vilje over tid, og ressursar for å gjennomføre endringar er små. Som Noregs spesialutsending til fredsprosessen i Colombia, Anne Heidi Kvalsøren sa til VG: «Å gjøre slutt på konflikt er noe annet enn å skape fred».

Grunn til optimisme

Likevel, søndagens val gir også grunn til optimisme, som NUPI-kollega Maja Lie Opdahl og eg skreiv i VG på måndag. Valet gjekk roleg for seg, og vert omtala som det tryggaste valet i Colombia nokosinne. Dessutan anerkjente både motkandidaten – venstresidas Gustavo Petro – samt FARC-leiar Rodrigo Londoño valsigeren til Duque. Mange ser dessutan positivt på at ein presidentkandidat frå det politiske venstre i Colombia både overlevde og gjorde det godt i ein colombiansk presidentvalkamp.

Etter valsigeren sa nyvald president Duque at han ynskja å vere heile Colombias president, og sjå frametter for at freden og håpet skulle «glitre». Det er lovande, men mange er svært skeptiske, og kva deler av fredsplanen Duque-regjeringa angrip står igjen å sjå.

NATO og OECD

Under valspetakkelet i Colombia, reiste noverande president Santos (som ikkje kunne stille til val i 2018) på rundreise i Europa. Fyrste stopp var Paris den 30. mai. Der signerte han, med Frankrikes Emmanuel Macron som vitne, ein avtale der Colombia blir tatt opp som medlem i OECD. Deretter drog han til Brussel for å møte Jens Stoltenberg, NATOs generalsekretær. Der vart Colombia ein av ni «globale partnarar», ei liste som også inkluderer land som Australia, Irak, Pakistan og Japan.

Å vere global partnar i NATO vil mange vere skeptiske til i Colombia, medan andre er positive. USA har spelt ein rolle i den væpna konflikten sidan byrjinga i 1964, fyrst og fremst gjennom USAs massive militære bistand gjennom Plan Colombia frå 2000 og frametter. Medan krigen mot narkotika motiverte støtta, spelte den ein sentral rolle i å svekke FARC, og indirekte presse FARC til forhandlingsbordet. Likevel, trass i ein relativt effektiv «counterinsurgency» mot FARC med amerikansk hjelp, er den også svært kontroversiell og kritisert.

Medlemsskapet i OECD er kanskje den største av desse to politiske sigarane for Santos. Det vitnar om, og kan bidra til, eit økonomisk styrka Colombia. Økonomisk utvikling og stabilitet er sannsynlegvis den viktigaste faktoren for å unngå valdeleg konflikt. Det kan vere avgjerande for at Colombia ikkje på nytt blir kasta ut i væpna konflikt.

Vidare lesnad/høyring:

Drange, Bård og Maja Lie Opdahl: Colombia between peace and war : The 2018 presidential elections and the way forward. NUPI policy brief, 2018.

Drange og Lie Opdahl: Grunn til optimisme i Colombia. VG, 2018.

Drange: What can peace mediators learn from Colombia and Mali? Radio France Internationale, 2018.

Drange: Presidentval i Colombia - trugar det freden? NUPI-podden, 2018.

Segura, Renata: Duque Wins Runoff in Colombia. Which Parts of Peace Plan are Vulnerable?” IPI Global Observatory, 2018.

Støren Wedén, Axel: Fredsavtale-kritiker kan bli ny president: FARC-konflikten kan blusse opp igjen. VG, 2018.

Bård Drange er juniorforsker ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) der han forsker på konfliktløsning og konflikthåndtering, deriblant i Colombia. Han er også leder av YATA Oslo. Les mer om YATA her.