Ukens analyse, 22. mars 2017

Autoritære leiarar og kjernevåpen


Ukens analyse er skrevet av Målfrid Braut-Hegghammer, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo. Målfrid skriver om noen av sine funn i sin siste bok, som handler om hvorfor Irak og Libya ikke klarte å utvikle kjernevåpen.

Hver uke presenteres en tidsrelevant analyse, håndplukket av en av Atlanterhavskomitéens samarbeidspartnere, egne ansatte eller andre. Hvis du ønsker å bidra med ukens analyse, ta kontakt med magnus@dnak.org

Den nye boka mi, Unclear Physics: Why Iraq and Libya failed to acquire nuclear weapons, forklarer kvifor Saddam Hussein og Muammar Gaddafi ikkje fikk tak i kjernevåpen. Eg viser at Irak kom svært nær å skaffe seg kjernevåpen før krigen i 1991, medan Libya aldri fikk stabla på beina eit fungerande program. Boka fortel historia om begge kjernevåpenprogram sett frå ulike perspektiv, men først og fremst frå forskarar og beslutningstakere frå både Irak og Libya.

Konklusjonane mine vil overraske mange. Mine funn tyder på at autoritære leiarar som Saddam og Gaddafi har mindre kontroll og oversikt enn vi tidligare har antatt. Slike leiarar svekker statsapparatet for å auke si eiga makt, noko som gjer statane deira dårlig rusta til å organisere vellukka kjernevåpenprogram. Mine funn tyder også på at det er variasjon når det gjeld kor mykje oversikt leiarane av autoritære regimer har over sine kjernevåpenprogram, og kva slags ressurser og muligheter dei har for å eventuelt gripe inn. Videre viser eg at autoritære leiarar som forsøker å gripe inn i dysfunksjonelle kjernevåpenprogram kan få ulike resultat, avhengig av dei institusjonelle ressursane dei har tilgjengelig i statsapparatet.

 

Mine funn har fleire implikasjonar for korleis vi kan vurdere risikoen for at andre autoritære regimer kan utvikle kjernevåpen.

1.            Vi kan ikkje gå ut i frå at alle autoritære regimer vil mislukkast.

2.            Risikovurderinger av spesifikke land bør fokusere på korleis det autoritære regimet behandlar statsapparatet.

3.            Det er viktigare for ein autoritær leiar å ha ein stat som er i stand til å organisere velfungerande kjernevåpenprogram, enn å ha eit sterkt ynskje om å skaffe seg kjernevåpen.

 

Målfrid Braut-Hegghammer er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.