Utskrift fra Den norske Atlanterhavskomités internettside. [www.atlanterhavskomiteen.no]

Olav Riste
Norsk etteretningsteneste 1945-1970

Hentet fra:
NATO 50 år.

Norsk sikkerhetspolitikk med NATO gjennom 50 år.

ISBN 82-90161-61-1

Ordet etterretning - og endå meir uttrykket "dei hemmelege tenestene" - gir nok hos dei fleste assosiasjonar i retning av spennande historier om agentar og spionar. Det vakte derfor oppsikt når Norge som det første vestlege landet opna for at to utanforståande historikarar fekk innsyn i arkivet til den militære etterretningstenesta. Resultatet av forskingsprosjektet - ei bok om norsk etterretning i tidsromet 1945-1970 med underskrivne og Arnfinn Moland som forfattarar - var kanskje eit vonbrot for dei som måtte ha venta seg ei spenningsbok etter James Bond mønster. Agentoperasjonar bak jernteppet er nok med i boka. Men målet for forfattarane var å gi eit totalbilde av norsk etterretningsteneste. Og i den tenesta var det såkalla teknisk etterretning - avlytting, registrering og tolking av elektroniske signal som gav informasjon om militær aktivitet hos ein mogleg fiende - som dominerte.

Sovjetunionen var både før og under den kalde krigen eit hemmeleg land, og for oss i vest var der frå dei første etterkrigsåra ein nesten desperat mangel på kunnskap om sovjetisk militær styrke, og om deira planar om eventuell bruk av militær makt. Norge var på denne tida det einaste landet i NATO som hadde grense til Sovjet, og dette gir bakgrunnen for at Norge kom til å byggje opp ei etter måten svært omfattande etterretningsteneste. Norsk etterretningsteneste er såleis eit barn av den kalde krigen, og kan berre forståast i lys av Norges tryggingspolitiske situasjon . Den oppstår som resultat av det spente klimaet i 1947/48, og utviklar seg i faser som gjenspeglar den kalde krigens utvikling i vårt område. Eg skal i denne artikkelen også prøve å vise korleis E-tenesta i si utvikling dels har påverka og dels reflekterer tre sentrale sider ved norsk tryggingspolitikk i perioden, nemleg

1) balanseforholdet mellom integrasjon og avskjerming i alliansepolitikken;

2) det spesielle "allianse i alliansen" forholdet mellom Norge og USA; og

3) det stendig tilbakevendande diskuasjonstemaet "nasjonal kontroll".

Ein ny start
Den kalde krigen som fødselshjelpar for norsk etterretningsteneste er klart illustrert i tenesta sin lagnad i dei to første etterkrigsåra. I London under krigen hadde eksil-Norge for første gong bygt opp ei moderne etterretningsteneste, rett nok med den klare avgrensing at det så å seie berre handla om informasjonsinnsamling gjennom agentar, og bearbeiding av dette materialet. Etterretningsvdelinga - kjend som FO II - var ved krigsslutt den største avdelinga i Forsvarets Overkommando i London, med eit personell på 150 offiserar. Bak seg hadde avdelinga eit omfattande og nitid arbeid med kartlegging av alle sider ved det norske samfunnet -- administrasjon, kommunikasjonar og industri -- og okkupasjonsmakta sine styrkar og installasjonar. Dei viktigaste etterretningskjeldene var rapportar frå personar og organisasjonar i Norge, og avhøyr av personar som kom frå Norge. I det okkuperte heimlandet utvikla det seg etter kvart fleire etterretningsnettverk av ulikt omfang, med organisasjonen XU som den klart største. Anslag over talet på personar som på ulike vis var engasjerte i etterretningsaktivitet retta mot den tyske okkupasjonsmakta i Norge under krigen, varierer mellom 2000 og 5500.

Med det omfanget norsk etterretningsteneste og -aktivitet hadde fått i krigsåra, skulle ein kanskje ha venta at tenesta etter krigen hadde fått ein "flying start". Slik skulle det ikkje bli, av fleire grunnar. For det første hadde etterretningsarbeidet under krigen ei heilt spesiell innretning, i og med at det vart organisert utanfrå og retta mot heimlandet under framand militær okkupasjon. Ei norsk etterretningsteneste i fredstid måtte nødvendigvis bli spegelvend, organisert på heimleg basis og retta mot framande statar. For det andre hadde etterretningsarbeidet fram til 1945 hatt sitt utspring i eit sjølvsagt behov framkalla av krigssituasjonen og målsettinga om å yte eit bidrag til frigjeringa av Norge. I fredstid ville ei etterretningsteneste måtte rettferdiggjerast gjennom ein påvist ytre trussel, som i den første etterkrigstida ikkje fanst. Rapportar frå FO II frå fredssommaren 1945 og utover syner ein organisasjon som hovudsakleg dreiv med etterarbeid knytt til avviklinga av den tyske okkupasjonen, spesielt dei oppgåvene som låg under "Kontrollørkorpset", og som seinare fekk initialane Adm.T.P. -- administrasjon av tysk personell. Dette gjekk ut på i samarbeid med alliert kontraspionasje å granske tyskarar som hadde gjort militær, halvmilitær eller politimessig teneste i Norge og som kunne mistenkjast for krigsbrotsverk, og å sikre arkivalia og andre prov på slik aktivitet.

Det som då var igjen av FO II ved årsskiftet 1945--46 var vel 80 offiserar. Men dei aller fleste av desse arbeidde med etterrakster etter okkupasjonen. I etterretningsmessig samanheng er dei mest interessante delane av FO II ei chifferavdeling, med tre offiserar, og ei lita avdeling som første gong opptrer i oktober 1945 under namnet "Radiokontrollavdelingen", og som hadde radiopeiling og radioavlytting som arbeidsprogram. Denne avdelinga hadde store ambisjonar, men måtte i første omgang avgrense seg til eit lite prøveprosjekt i Finnmark i 1946 og 1947. Ekspedisjonane til Finnmark hadde kodenamnet TORKEL, og kom til å legge grunnlaget for den første operative stasjonen for det som på fagspråket blir kalla"SIGINT", ei forkorting for "signals intelligence" eller signaletterretning. Dette går ut på å avlytte og analysere ikkje berre telegram eller meldingar som har eit språkleg innhald, men også elektroniske signal frå radarstasjonar, måleinstrument og liknande - alt som kan gi informasjon om militær aktivitet, om kapasiteten til ulike våpensystem, utvikling av nye våpen, og så vidare. Prøvene med stasjonen TORKEL var på alle måtar ein pioner-aktivitet. Ekspedisjonen var kamuflert som ein vitskapleg ekspedisjon utsend av Norges geografiske oppmåling for ionosfæriske målingar. Dei reelle måla var -- i prioritert rekkefølgje -- avlytting av signal frå sovjetisk ishavsmarine og sovjetiske flystridskrefter, frå Sovjets hæravdelingar i området med tilhøyrande flystyrkar og polititroppar, russisk telefonitrafikk, og endeleg avlytting av radiosignal i samband med eventuelle forsøk med rakettvåpen.

Eit første forvarsel om at den kalde krigen ville stille krav om utbygging av ei norsk etterretningsteneste, kom i juli 1947, i eit budsjettforslag for 1948/49 for det som då heitte "Forsvarsstabens etterretnings- og utenriksavdeling". Budsjettforslaget var utforma av Vilhelm Evang, som dermed innleia ein nesten 20 år lang karriere som norsk etterretningssjef. Evang skreiv der at han fann det vanskeleg så tidleg å spå om behovet for etterretningsteneste eit par år fram i tida: "Det er særdeles mange tegn som tyder på at den militære situasjon i verden i 1948/49 vil være av en slik art at øket etterretnings- og sikkerhetsarbeide vil framtre som absolutt nødvendig." Vinteren og våren 1948 gjekk det troll i ord: Den kommunistiske maktovertakinga i Tsjekkoslovakia 25.februar, og Stalins pakt-tilbod til Finland to dagar seinare, fekk straks følgjer for norsk etterretningsteneste. Ved sida av ulike sikringstiltak, og initiativ til oppbygging av ein okkupasjonsberedskap- den såkalla "Stay Behind"-organisasjonen - var styrking av "radiokontroll-tenesta" blant dei hastetiltak som forsvarsminister Jens Chr. Hauge no sette i verk. I tillegg er det tale om det som i skriv frå Hauge til Forsvarsstaben blir kalla "informasjonstjeneste utenlands, både gjennom Handelsflåten og på annet vis." Dette sikta delvis til innsamling av informasjon gjennom agentar om bord på norske handelsskip som gjekk i fraktfart til hamner bak jernteppet, og gjennom agentar knytte til diplomatiske stasjonar. Omlag samstundes blir det sett verk tiltak for å skaffe etterretning om situasjonen på Svalbard, både via agentar og gjennom flyrekognosering.

For norsk etterretningsteneste skulle Finnmark og grenseområdet mot Sovjet frå første stund bli hovudarenaen. Landsdelen hadde nær 200 kilometers grense mot ei av verdas sterkaste militærmakter, og vestleg kunnskap om kva som gjekk føre seg på russisk side var minimal. I denne omgangen var det reint nasjonale forsvarsbehov på det landmilitære plan som stod i fokus, slik det gjekk fram av ei prioriteringsliste som Evang sende til Øvstkommanderande for Nord-Norge i november 1948, der vegar, industri, kraftverk, og sjølvsagt russiske militære mål, dominerte. Ei tilsvarande prioriteringsliste gjekk til Luftforsvaret neste vår, med ønske om flyrekognosering, der flyplassar på sovjetisk side var dei viktigaste måla.

Behovet for ei nasjonal etterretningsteneste fekk i 1949 si endelege stadfesting gjennom innstillinga frå Forsvarskommisjonen av 1946:

Det utenrikspolitiske vakthold vil alltid være et viktig ledd i vår sikkerhetspolitikk. Vi må i tide skaffe oss underretning hvis den internasjonale utvikling tar en faretruende retning. [...] Å iaktta og registrere ethvert tilløp til omstilling og forberedelser for krig er en førsterangs oppgave for et lands permanente utenrikspolitiske vakthold. Derfor bør en treffe de tiltak som er praktiske og mulige for at dette vakthold skal bli effektivt.

Kommisjonen konkluderte med at en vel utbygd etterretnings- og sikkerhetstjeneste er et uunnværlig ledd i et moderne forsvarsberedskap. De økonomiske offer som er forbundet med en slik tjeneste vil, om de anvendes hensiktsmessig, også kunne muliggjøre kanskje betydelig sparing på andre forsvarskonti i en urolig eller spent utenrikspolitisk situasjon.

Evang og hans folk burde etter dette kunne fastslå at Forsvarsstaben II no var blitt offisielt godkjend som ein viktig del av norsk forsvarsberedskap.

1950-åra: Ekspansjon med alliert forteikn
Koreakrigen vart innleiinga til den kalde krigens mest spenningsfylte periode, og for norsk etterretningsteneste fekk dette verknader på to måtar. For det første vart den personbaserte innsamlings-aktiviteten intensivert, framleis med nasjonale forsvarsbehov som motivering. Det er i perioden 1952-54 at dei mykje omtala agentoperasjonane frå finsk og norsk område inn på sovjetisk territorium foregår, samstundes med at shipping-agentar observerer og rapporterer frå russiske hamner.Flyrekognosering langs grensa, og operasjonar med leigde båtar, kjem også i gang, forsøksvis også med elektronisk etterretning som målsetting. Men det er på feltet sambandsetterretning at den sterkaste ekspansjonen kjem. Det er ingen grunn til å legge skjul på at dimensjonane i denne aktiviteten frå 1952 er bestemt av amerikanske interesser. Men dekningsområdet - det nordvestlege Sovjet og havområda i nord - var også det området som det var viktig for norske forsvarsinteresser å halde auge med. Operasjonsmønster og taktiske disposisjonar for den sovjetiske Nordflåten og flystyrkane i området var av interesse både for alliert og norsk forsvarsplanlegging. Slik kunnskap kunne gi tidleg varsel dersom noko uvanleg var på gang, slik at dei militære kunne sette i verk dei nødvendige mottiltak. Det at ein frå norsk område kunne innhente viktig informasjon for våre stormaktsallierte var med på å understreke Norges strategiske verdi for alliansen, og kunne dermed hindre at Norge vart tilsidesett som eit utkant-område i NATO-alliansen. Gjennom forskinga om norsk tryggingspolitikk etter krigen har vi kunna følgje Norges kamp for å styrke NATOs og spesielt USAs interesse for og vilje til å engasjere seg i Nordflankens forsvarsproblem. I denne kampen var ikkje minst Norges fordelaktige posisjon som observasjons- og varslingspost mot Sovjet eit viktig argument.

Medan såleis aktiviteten til den norske tenesta på feltet sambandsetterretning var av hovudsakeleg defensiv karakter, med vekt på varslingsaspektet, var også andre omsyn inne i bildet under utbygginga av stasjonar for elektronisk etterretning, der det å identifisere, lokalisere, og følgje aktiviteten til sovjetiske radaranlegg i deira nordvestlege militærdistrikt var sentrale oppgåver. Også her var varslingsformålet viktig. Flyvåpenet, som i norsk samanheng var pioneren på dette feltet, i nært samarbeid med britar og amerikanarar, hadde ei opplagt interesse av å registrere all sovjetisk fly-aktivitet så nær norsk område. Amerikanarane vart på si side spesielt interesserte frå slutten av 1950-talet, då CIA frykta at Kola-halvøya var under utbygging som start-base for ein strategisk bombefly-offensiv mot mål i USA. Men frå tidleg på 50-talet var kartlegging av sovjetiske radarstasjonar i nord først og fremst eit ledd i det amerikanske strategiske flyvåpens planlegging. Målet var å finne dei tryggaste innfallsvegane for amerikanske bombefly under angrep mot Sovjetunionen. Dette var også av ei viss interesse for det norske flyvåpenet, etter som norske jagarbombefly etter kvart også fekk oppgåver i tilknyting til ein alliert bombeoffensiv mot Sovjet.

Mot slutten av 50-talet var signaletterretnings-aktiviteten i sterk ekspansjon. Ekspansjonen når det galdt elektronisk etterretning er igjen ein klar refleks av utviklinga i den kalde krigen. Etter den amerikanske uroa kring eit såkalla "bomber gap" - ei sovjetisk overmakt i langtrekkande bombefly - i åra 1955-1957, kom påstandane om eit tilsvarande "missile gap" - eit sovjetisk forsprang i utviklinga av rakettvåpen - frå slutten av femtitalet. Oppskytinga av den sovjetiske satellitten "Sputnik" 4. oktober 1957 kom som eit sjokk på amerikanarane, som til då ikkje hadde tilsvarande kraftige og langtrekkjande rakettar. Etterretningsmateriale om sovjetisk missil-teknologi fekk no høgste prioritet. Samtidig var to nye arbeidsfelt i emning for norsk etterretningsteneste, igjen som ein klar refleksjon av utviklinga i den kalde krigen og våpenkapplaupet mellom Aust og Vest.

Det første av desse gjekk ut på å registrere og måle sovjetiske prøver med kjernefysiske våpen. I mindre skala hadde etterretningstenesta, saman med Forsvarets Forskningsinstitutt, vore engasjert i dette arbeidet sidan midten av femti-åra, gjennom innsamling av materiale om radioaktivt nedfall. Men då Sovjet eit par år seinare intensiverte prøvesprengings-aktiviteten på Novaja Semlja, i Barentshavet, oppstod der eit sterkt vestleg behov for stasjonar på norsk område som ved akustiske, elektromagnetiske, og seismiske målingar kunne skaffe detaljkunnskap om sovjetisk kjernevåpen-teknologi. Medan kontrollen med radioaktivt nedfall var av klar lokal og regional interesse for Norge, var kunnskap om sovjetiske atomvåpen i første omgang primært av interesse for USA og for NATO i det heile. Men etter at forhandlingar om prøvestans kom igang, var presis og påliteleg deteksjon av avtalestridig prøvesprenging eit avgjerande vilkår for at ein prøvestans-avtale i det heile kunne kome i stand. Her var Norges deltaking i dette registreringsarbeidet såleis eit viktig bidrag til rustningskontroll.

Det andre nye feltet som var under utvikling frå slutten av femti-talet, var akustisk etterretning gjennom sjø for deteksjon av ubåtar. Sovjets ubåtflåte var under oppbygging i femtiåra, og ein stendig større del av flåten opererte frå basar på Kola, der dei hadde relativt fri passasje gjennom Barentshavet og Norskehavet til NATOs sambandsliner gjennom Atlanteren. Igjen var nok dette eit felt som primært var viktig for USA: Med fri passasje til Atlanterhavet kunne sovjetiske ubåtar med kjernefysiske våpen bli ein massiv trussel mot det nord-amerikanske kontinentet. Den norske eigen-interessa var meir indirekte, men ikkje desto mindre reell: Sambandslinene over Atlanteren frå USA til Europa var avgjerande viktige for NATO og Norge, i tillegg til at den norske handelsflåten i ein krise-situasjon ville vere engasjert i denne skipsfarten. Fri eller ukontrollert tilgang for den sovjetiske Nordflåten til Norskehavet ville også gjere det for risikabelt for allierte marinestyrkar å operere der, og dermed redusere utsiktene til alliert assistanse i forsvaret av Norge.

Litt seinare kom det siste nye arbeidsfeltet som norsk etterretningsteneste tok opp i perioden fram til 1970, nemleg telemetri med særleg sikte på sovjetisk satellitt-aktivitet. Gjennom registrering og analyse av elektroniske signal frå rakettar og satellittar kunne ein få ei mengd viktige informasjonar av teknisk karakter. Satellitt-alderen var i rask utvikling frå tidleg på 60-talet. Og sjølv om det i første omgang handla om foto-satellittar, var der på lengre sikt nesten ingen grenser for kva satellittar kunne brukast til i etterretnings-samanheng. Fauske aust for Bodø peika seg ut som spesielt fordelaktig for ein stasjon som skulle følgje sovjetiske satellittar i polar bane, og ein slik stasjon vart derfor etablert ved Fauske i 1964. Satellitt-telemetri var eit felt der den direkte interessa var nokså eksklusivt amerikansk, og der formålet spesielt var å kontrollere eventuelle sovjetiske planar om bruk av satellittar som plattform for rom-baserte våpen. På norsk side var der i utgangspunktet ei viss interesse av å vite tidspunkt og bane for sovjetiske foto-satellittar som passerte over norsk territorium. Etter kvart som denne stasjonen også tok opp i seg andre etterretningsppgåver, delvis av generell telemetri-karakter, og meir allmenne signaletterretnings-funksjonar, kunne etterretningsproduktet derfrå få større direkte verdi for Norge. Men hovudmottakaren for det som kom ut av innsamlingsdata frå Fauske var iallfall i vår periode USA.

Oppsummering
Som det vil ha gått fram av dette korte risset av utviklinga i norsk etterretningsteneste, kan denne utviklinga langt på veg lesast som ei feberkurve på utviklinga av den kalde krigen og våpenkapplaupet mellom aust og vest. I den første perioden, fram til midten av femtiåra, famlar vestlege etterretningstenester - og den norske - nesten i blinde, på jakt etter nær sagt alle indikasjonar på sovjetisk militær kapasitet og utvikling. Resultatet var i det store og heile nokså magert, og avgrensa til det som ein kunne sjå og registrere gjennom innsamling ved hjelp av agentar. Gradvis blir så dekningsfeltet utvida gjennom utbygging av signaletterretnings-stasjonar, men framleis er store område av Sovjetunionen utanfor rekkjevidd. Trass alt har Vestmaktene i denne perioden likevel tiltru til sin eigen avskrekkings-styrke, fordi ein reknar med å ha eit solid forsprang i utviklinga av både atomvåpen og leveringsmiddel - det siste i form av det amerikanske strategiske flyvåpenet. Men frå midten av femtiåra blir denne vestlege sjølvtilliten rokka gjennom sterke teikn på at Sovjetunionen kanskje er i ferd med å innhente forspranget, både i utviklinga av kjernefysiske våpen, og ikkje minst i utviklinga av langtrekkjande leveringsmiddel - først strategiske bombefly, så interkontinentale rakettar, og etter kvart også strategiske ubåtar. På alle desse felta kunne norsk etterretningsteneste spele ei viktig rolle, ikkje minst ved at meir presise etterretningar kunne bidra med eit meir nøkternt bilde av sovjetisk kapasitet enn dei til dels paniske overvurderingar som manglande kunnskap av og til resulterte i.

Så kan ein sjølvsagt spørje - kvifor skulle no vesle Norge blande seg inn i dette, som i all hovudsak galdt eit våpenkapplaup mellom to supermakter? Til det er det mange svar.

Den kanskje mest innlysande grunnen til eit norsk engasjement ligg i geografien. Norge var grannestat til Sovjetunionen. Derfor låg der for det første ei innlysande nasjonal interesse i å ha kunnskap om militær kapasitet hos ei stormakt som var oppfatta som fiendtleg innstilt, og som kunne og kanskje i gitte tilfelle også ville ta kontroll over vårt territorium. I dei første åra er det då også Sovjets militære aktivitetar i vårt nærområde som står i sentrum for norsk etterretningsaktivitet. Etter kvart blir dekningsområdet utvida til å omfatte område der sovjetisk militær aktivitet ikkje direkte er ein trussel mot norsk område. Men Evang let aldri vere å insistere på at også meir lokalt avgrensa norske interesser skulle med på prioriteringslistene.

Det geografiske argumentet rekk imidlertid lenger enn til slike lokalt avgrensa norske interesser. Norges geografiske posisjon som granne til Sovjetunionen, med grense mot eit område som vart stadig viktigare i strategisk samanheng, var langt på veg eineståande også i alliansesamanheng. Etteretningsaktivitet med basis på norsk område kunne dermed tene det som er blitt framheva som to hovudmål i norsk alliansepolitikk - integrasjon, og avskjerming. Først

I) integrasjonsaspektet , der det galdt å sikre at alliansen i sine forsvarsplanar tok tilstrekkeleg omsyn til forsvaret av norsk territorium. Eit land som elles kunne yte lite eller ingen ting til alliansens militære styrke, og som derfor i militær samanheng var det som er blitt kalla "nettoimportør av sikkerhet", kunne kompensere dette gjennom sin etterretningsaktivitet. For Norge å nekte å medverke til ein etterretningsaktivitet som var av stor verdi for alliansen meir generelt, ville vere einstydande med å melde seg ut av den kollektive tryggingsgarantien som NATO representerte. Statsminister Gerhardsen sa det slik i eit møte i Regjeringens Sikkerhetsutvalg i 1958, då det igjen var tale om ei kraftig utviding av sambandsetterretnings-aktiviteten: "Jeg ser det slik at man i prinsippet bør stille seg mest mulig positivt der hvor Norge i kraft av sin beliggenhet kan yde fellesforsvaret særlige tjenester ved slike utpreget defensive tiltak." Der er dessutan ei annan side ved integrasjonsaspektet der norsk etterretningsteneste kunne fremje norske tryggingspolitiske interesser. Ved å framheve verdien av norsk område som lytte- og observasjonspost mot Sovjet, og ved å vise denne verdien i praksis gjennom det materiale som der vart innsamla, bidrog norsk etterretningsteneste på avgjerande vis til å utbygge og ivareta dei alliertes engasjement i forsvaret av Nordflanken. Den kjensgjerning at det var USA som norsk etterretningsteneste særleg samarbeidde med, og at det var USA som hadde særleg interesse av etterretningsmateriale frå Norge, var samstundes eit viktig bidrag til utforminga av den norsk-amerikanske "allianse i alliansen" som ofte er blitt omtalt. Dette var dobbelt fordelaktig, all den tid det var USA som først og fremst hadde kapasitet til å yte assistanse til forsvaret av vårt område.

2) Men den norske etterretningsaktiviteten hadde også ein viktig funksjon innanfor avskjermingsaspektet ved norsk tryggingspolitikk. Norsk tryggingspolitikk hadde som viktig mål å sikre nordområda som eit lågspenningsområde mellom aust og vest. Norske styresmakter var derfor på vakt mot alliert aktivitet som i utrengsmål kunne provosere Sovjet og framkalle mottiltak derfrå. Ei avvisande holdning til utbygging av norske etterretningsstasjonar ville ha ført til at dei allierte stormaktene måtte drive denne etterretningsaktiviteten sjølv, i nærleiken av eller over norsk område. Og det kan ikkje vere tvil om at dette ville ha gjort nordområda til eit høgspenningsområde i den kalde krigen. Dette var også ein argumentasjon som Evang stadig framheldt. Då Forsvarssjefen, Folke Hauger Johannessen, i 1964 åtvara mot ein ny auke i personalet ved sambandsetterretnings-stasjonane, fordi det kunne irritere russarane, hadde Evang dette svaret: "Det kunne tenkes at en slik tallmessig økning kunne irritere russerne." Men "om ingen økning ble foretatt, ville konsekvensen være at de vestlige stormakter søkte å skaffe seg informasjon på annen måte, og at dette etter Evangs skjønn med sikkerhet ville være en større belastning på forholdet Norge/Sovjet ..."

Reint faktisk kan vi konstatere at dei få gonger Sovjet har kome med skarpe protestar mot bruk av norsk område til etterretningsaktivitet mot Sovjet, har vore tilfelle der Norge var skulda for å ha medverka til eller ikkje å ha sett seg imot vestlege stormakters utnytting av norsk område til slik aktivitet. Protestane mot alliert flyrekognosering, spesielt etter det nedskotne U-2 flyet som var på veg til Bodø 1.mai 1960, er eksempel på det. Dette har vi for så vidt lenge visst ut frå norsk kjeldemateriale. Men med innsyn i russiske dokument om norsk-sovjetiske forhold kan vi no fastslå dette med endå større ettertrykk. Dei einaste norsk-regisserte aktivitetane som er blitt møtt med sovjetiske reaksjonar, er eit par av grensekryssings-episodane i dei tidlege femtiåra. Vi kjenner ikkje eitt einaste eksempel frå femti- og sekstiåra på sovjetiske protestar mot den omfattande aktiviteten som norsk etterretningsteneste dreiv på norsk område, med norske stasjonar, og med norsk personell under norsk kontroll, retta mot militære mål i Sovjetunionen.

Norsk etterretningsteneste, og dei norske etterretningsstasjonane, fell såleis godt inn i det bildet av norsk tryggingspolitikk som vanlegvis blir illustrert ved begrepsparet integrasjon og avskjerming. Norsk etterretningsteneste var integrert i den vestlege - og spesielt den amerikanske - etterretningsaktiviteten i den kollektive tryggleiks interesse, men ivaretok samstundes avskjermingsaspektet ved å insistere på at slik aktivitet på norsk jord skulle drivast under norsk kontroll, og med norsk personell, for å sikre omsynet til lavspenning i nordområda.

Ei klart vilkår for at norsk etterretningsteneste kunne bidra positivt til den norske tryggingspolitiske profilen, med sin kombinasjon av integrering og avskjerming, var at tenesta og aktiviteten var under norsk kontroll. I den diskusjonen som i seinare år har blomstra opp kring norsk Eetterretningstenestehar uttrykket "nasjonal kontroll" ofte vore framme. Felles for alle som har brukt ein påstått manglande "nasjonal kontroll" som hovud-ankepunkt mot norsk etterretningsteneste, er at dei har gløymt å definere kva dei meiner med det. Det er likevel blitt brukt på ein måte som indikerer eit krav om at ikkje berre innsamling men også all analyse av etterretningsmateriale burde ha vore gjort i Norge og av nordmenn. Implisitt må der ligge i dette at norsk etterretningsteneste burde ha late vere å samle inn etterretning som ikkje også kunne analyserast her. Eller, sagt på ein annan måte: Vi burde ha konstruert eit innsamlingsapparat som berre tok inn informasjonar av direkte verdi for norsk forsvarsberedskap, og eit norsk analyseapparat som fullt ut kunne bearbeide dette materialet - alt saman då nødvendigvis finansiert over det norske forsvarsbudsjettet. Ingen har imidlertid kunna vise til nokon vestleg alliert eller nøytral stat med eit slikt heimelaga etterretningsvesen.

Etter mitt syn er eit slikt "sjølvbergingsprinsipp" like meininglaust i denne som i all annan kunnskapsbasert aktivitet, og spesielt meiningslaust i ein allianse. Ingen stat, heller ikkje supermakta USA, er heilt sjølvberga på etterretningsfeltet. Derfor har også ein av dei fremste britiske ekspertane på området karakterisert det internasjonale samarbeidet på feltet som "a set of professional bargains", - eit sett profesjonelle bytehandlar - , der alle som vil vere med må yte noko for å få noko av tilsvarande verdi tilbake. Min eigen bruksdefinisjon av "nasjonal kontroll" vil ha som utgangspunkt at utveksling mellom samarbeidande land av både "rådata" og analyseresultat er ein normal aktivitet for alt kunnskapsbasert arbeid. Men alle land treng ein eigen analysekompetanse, både for å bearbeide innsamla materiale av særleg nasonal interesse og for å evaluere analysar som kjem utanfrå. Med slik kompetanse, og med fysisk kontroll av aktiviteten for å sikre at arbeidet vart gjort på ein måte som ikkje i utrengsmål provoserte andre statar, og elles er i samsvar med nasjonal tryggingspolitikk, vil den nasjonale kontroll vere sikra. Det faktum at ein stor del av aktiviteten var finansiert frå amerikanske kjelder endrar ikkje dette bildet.

Norsk etterretningsteneste omfatta ved slutten av vår periode - kring 1970 - omlag 1 000 personar. Det store fleirtalet av desse var engasjerte i signal-etterretning: sambands-etterretning, elektronisk etterretning, akustisk etterretning, og telemetri-etterretning.Historia om norsk etterretningsteneste synest å vise at denne på alle desse felta hadde ein standard og ein kvalitet som vart høgt verdsett av dei samarbeidande tenestene, ikkje minst i USA og Storbritannia. Tenesta hadde to svake sider. Den eine var chiffertenesta, som aldri fekk dei ressursar den måtte ha hatt for å knekke dei stendig meir intrikate kodesystema som stormaktene utvikla. Den andre svake sida går meir på det organisatoriske plan, og rammar forsåvidt langt vidare enn til Etterretningsstaben åleine. Dei fleste vestlege land prøver å instituere det som i fagspråket blir kalla "all-source analysis". Det vil seie at ein organiserer eit analyse- og vurderingsapparat der ikkje berre den militære etterretningstenesta, men også andre miljø som samlar informasjon av interesse for nasjonens tryggleik, er representerte. Prototypen er her den britiske Joint Intelligence Committee, ein institusjon som ligg under statsministerens kontor og har representasjon frå bl.a. Utanriksdepartementet og overvakingspolitiet. Poenget med eit slikt meir allsidig apparat er sjølvsagt å framskaffe eit mest mogleg perspektivrikt og nyansert etterretningsbilde, der ikkje berre motpartens militære kapasitet, men også hans politiske målsetting og intensjonar kunne vurderast. Dette siste var ikkje den militære etterretningstenesta sitt "bord".

Alt i alt synest der likevel å vere god grunn til å konkludere med at den norske etterretningstenesta var eit viktig - og Norges viktigaste - bidrag til den vestlege alliansens tryggleik og styrke under den kalde krigen som no er blitt historie.

 

Artikkelen byggjer på Olav Riste og Arnfinn Moland, Strengt hemmelig: Norsk etterretningsteneste 1945-1970 (Universitetsforlaget, Oslo 1997), der det også blir gitt fullstendig kjeldereferanse for sitata.


Copyright © 1999 Den norske Atlanterhavskomité
postmaster@atlanterhavskomiteen.no